Digital markedsføring del 1: refleksjonsnotat

I dette emnet har eg lært utruleg mykje forskjellig og Arne Krokan har gitt oss ei god innføring i korleis samspelet mellom teknologi, samfunn og organisasjonar fungerer. Korleis utviklinga av ny teknologi skapar nye tenester, bedrifter og måten det bind verda saman på ein heilt ny måte. Måten teknologiar som 3D-print og kunstig intelligens er på veg til å ta over arbeidsplassar og nye måtar å gjennomføre oppgåver på. Kjennskap til kva som ligg bak fysiske varer og tenester og dei digitale tenestene, reint økonomisk sett. Forretningsmodellar – kor viktig det er å ha ein god forretningsmodell for å planleggje, koordinere og ein plass for å diskutere (for å nemne noko). 

Det eg sit mest igjen med er korleis kunstig intelligens fungerer og kva konsekvensar utviklinga har, på ulike nivå i samfunnet. Ikkje berre kaprar dei arbeidsplasser, men dei er på veg til å bli utvikla til å kjenne att stemmer og kommunisere. Det at me har skreve blogg gjennom emnet, om ulike tema me har hatt i førelesing har fått meg til å lære mykje. Ikkje berre har eg lært mykje teori, men eg har lært nye måtar å skrive og formulere meg på. Å bli «tvungen» til å skrive om ulike tema etter kvar førelesing har fått meg til å reflektere, gå i dybden på emne og eg sit igjen med meir kunnskap.

Eit anna tema eg fant veldig spennande, var korleis blokkjeder er på veg opp og fram. Ein plattform som gjer arbeid som koordinering, deling av informasjon og potensielle endringar mykje lettare enn via ein tredjepart. Dette er ein plattform som mange sektorar har eit stort behov for, som mellom anna helsesektoren. Sjekk ut eit tidlegare innlegg eg skreiv, om korleis digitaliseringa er på veg inn i helsesektoren. 

https://www.lyfemarketing.com/blog/effective-social-media-marketing-strategy/

Eg personleg kjenner meg mykje meir oppdatert og rusta for utviklinga innan teknologi og utviklinga av digitalisering i samfunnet. Det er ikkje til å legge skjul på at dette valfaget er svært viktig og veldig relevant med tanke på arbeidsmoglegheiter, så dette har og vil forhåpentlegvis opne nye dører. Teknologi og digitalisering er tema som tek meir over, som dei fleste bransjar må holde seg oppdatert på og for å syna seg attraktive på markedet. 

Utviklinga er den nye framtida. 

One thought on “Digital markedsføring del 1: refleksjonsnotat

  1. Spennende å lese dine refleksjoner rundt den første delen av faget! Det virker som om du har lært mye, og fått reflektert rundt flere aktuelle tema.

    Masse lykke til videre i neste del av faget 😀

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *